Kjøpsvilkår

Generelt

Dette kjøpet er regulert av den nedenstående standard salsbetingelsar for forbrukarkjøp av varer over Internett. 

Sal til forbrukar er mellom anna regulert i "Forbrukerkjøpsloven" og "Angrerettsloven".

Avtalen

Avtalen mellom kjøpar og seljar består av opplysningane seljaren gjev om kjøpet i bestillingsløysinga i nettbutikken, eventuell direkte korrespondanse mellom partane (til dømes e-post) samt desse salsbetingelsane.

Partane

Seljar er bedrifta Samspel. Kjøpar er den person som føretek bestillinga.

Avtaleoppretting

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparens bestilling er mottatt av seljaren. 

Ordrebekrefting

Du vil motta ei ordrebekrefting på kjøpssida når kjøpet er gjennomført. Det anbefalast at kjøpar kontrollerar at den samsvarer med di bestilling. Er det ikkje samsvar mellom bestilling og ordrebekrefting, bør kjøparen ta kontakt med seljar så snart som mogleg.  

Betaling

Betaling gjennomføres ved at kjøpar legg inn kortinformasjon som krevst på salssida. Beløpet trekkes frå kortet same dag som kjøpar gjennomfører si bestilling.

Angrerett

Kjøparen kan angre kjøpet av varen etter angrerettslova sine avgjerder. 

Personopplysningar

Alle dine personopplysningar blir kun brukt mellom seljar og kjøpar.