Jeg er et avsnitt. Klikk her for å legge til din egen tekst og redigere meg. Det er lett.

SAMSPEL

Tek kvardagen ut

Her finn du meg 

Eg har min base i Espedalen, i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. 

Då mykje av det eg gjer er utandørs er eg fleire stadar og det er kun heimearbeig eg driv med frå Espedal. Eg har til dømes utandørs styrketrening både i Hyllestad, Fjaler og Gaular kommune. Eg tykkjer det er viktig å nytte naturen og dei ressursane som er rundt oss, difor reiser eg der kundane er. 

 

Når det gjeld vekentleg og fast PT, utandørs gruppetrening og bedriftstrening er dette noko som begrensar seg sjølv på grunn av praktiske årsakar. Så når det gjeld desse 3 tilboda kan eg ikkje ha dei lenger vekke enn 40 km ifrå Espedalen.  Om det er aktuelt tilbyr eg online PT og coaching - så då blir ikkje avstand ei hindring! 

Nå det kjem til sankekurs, opplevingshelger, blåturar for bedrifter/selskap, treningshelger, foredrag, lavvoturar og ulike typar kurs er eg svært mobil! Her kan eg etter avtale reise langt for å tilpasse det best mogleg for deg som bestiller. Så det er noko me avtalar og tilpassar ved spørsmål og bestilling. 

Det er svært viktig for meg at du som kunde blir fornøgd og får det du ynskjer!

Eg bur i ein region der mykje spennande skjer, og kan gjerne hjelpe til med å sette saman helger fylt med mykje moro, utfordringar og heftige naturopplevingar. Eg har gode samarbeidspartnarar innanfor dette feltet så det er lite begrensingar for kva som går ann å få til for å organisere ei drøymehelg for ulike grupper, familiar, bedrifter eller for to!