SAMSPEL

Tek kvardagen ut
 

Om

 

Eg er Ingvild Kjøsnes, født i 1992 og oppvaksen i ei lita bygd ved kysten i Sogn og Fjordane, i Fjaler kommune. Interessen for å være fysisk aktiv har eg hatt med meg heile livet, men kjærleiken til friluftslivet fekk eg då eg vart eldre. Den starta då eg bestemde meg for at eg ikkje skulle være mørkeredd lenger, i første klasse på vidaregåande. Eg pakka sekken, og tok med meg sovepose, telt og Lars Monsen-boka mi. På ein liten ås, ikkje lenger vekke enn at eg kunne sjå heim, la eg meg. Eg tvang meg sjølv til å gå ekstra turar gjennom det bekmørke granfeltet for å hente vatn. Til å stogge opp der inne -og lytte- til skogen. Tilbake på åsen var det stjerneklårt og månen lyste opp fjorden under meg. Der låg eg, heilt aleine på liggeunderlaget mitt, og hadde klart det. Frykta for mørket var vekke, og meistringskjensla på topp!

I 2015 fullførte eg Bachelorgraden; Idrett, ernæring og helse ved Høgskulen i Vestfold. Eg busette meg saman med sambuaren i Espedalen i Fjaler. Eg ville få folk ut og vekk frå alt det organiserte som til stadigheit styrer vår kvardag. I naturen er vi alle like, vi treng ingen føresetnadar for å møtast og oppleve. Hovudet vårt kan slappe av, kroppen kan slappe av, samtidig som det aktiverast som aldri før - i frisk luft. Eg har alltid hatt lyst til å skape noko eige, så eg hoppa i det. 

 Samspel vart registrert i Brønnøysundegisteret 6.Juni 2015. Då starta det!

Samspel tek kvardagen ut. Eg brukar naturen både for vår fysiske og vår mentale helse. Forskning syner eit sterkt samspel mellom å vere aktiv ute i naturen og reduksjon av stress, angst, dårleg sjølvkjensle og ei auke av energi og livsglede. Eg legg stor vekt på å møte folk der dei er, bryte barrierer og ha tru på seg sjølv. Individuell tilrettelegging er like viktig med ein PT-kunde som med ei gruppe på ein lavvotur på fjellet. Det å sjå kvar enkelt slik at alle får oppleve, og ikkje minst bruke kroppen som det fantastiske verktøyet den er.  

Samspel tek kvardagen ut -  og tek deg med!

 

Eg tilbyr mellom anna bedriftstrening, PT, kostveiledning, utandørs gruppetrening, teambuilding, opplevingsturar, lavvoturar og sankekurs.

Eg kan tilby ferdige oppsett eller lage eit tilpassa opplegg til det du ynskjer. Ta kontakt for ein uforpliktande prat - og ta kvardagen ut! 

 

Samspel tilbyr

Teambuilding

Samarbeid og tillit til kvarande på ein arbeidsplass er naudsynt for å oppnå resultat. Planlegg du eit pusterom for dine tilsette? Teambuilding med

 

Samspel byr på mykje fysiske utfordringar der samarbeid er avgjerande. Eg tilpassar opplegget etter dine ynskjer og di bedrift.

 

Ta kontakt så skreddersyr eg ditt perfekte opplegg! 

Sankekurs

Ute i naturen finn me utallege vekster som me kan ete.  Ein finn ramsløk, granskudd, groblad, engkarse, røsslyng, bjørkeblad, rognebær, ryllik og marikåpe -  for å nemne nokre. Ein kan til dømes lage; pai, pesto, sirup, kryddersmør, saft, te, vin, sukker, og krydder. Eg held sankekurs for grupper, både store og små. 

Dette er ei smakoppleving! 

Bedriftstrening

Bedriftstrening er eit kjempetilbod å kunne tilby sine ansette!

 

Kopl hovudet heilt av og berre bruk kroppen gjennom herleg hard styrketrening. Det aukar trivselen, effektiviteten og samhaldet på arbeidsplassen.

 

Eg har gode tilbakemeldingar frå dei bedriftene eg arbeidar med og anbefalar dette på det sterkaste. 

Oppleving

Lyst å la tlf være heime, bade i fjellvatn og oppleve stillheita på fjellet ved bålet om kvelden? Eller reise med venner, trene styrke på fjelltoppane,  lage nye minner og nyte god skogsmat? 

Lyst på heftige naturopplevingar både på dag og nattestid?

 Eg skreddarsyr din draumetur på fjellet, i skogen eller ved havet. 

Ta kontakt så får eg høyre kva du ynskjer, og kva vi skal gjere! 

Personleg trenar

Eg som PT legg stor vekt på tilpasning og tilrettelegging. Eg pushar deg, følger deg opp og motiverar deg slik at vi når dine mål gjennom målretta arbeid. Eg har trua på å gjere langsiktige endringar i kvardagen, slik at det er lett å halde dei vedlike.  

Som PT kjem eg gjerne der du er, og du bestemmer om du vil vere inne, ute eller begge deler! 

Send meg ei uforpliktande melding eller e-post så når me ditt mål!

Gruppetrening

Samspel sine gruppetreningar føregår ute, uansett veir!

 

 Hard styrketrening i frisk luft er ei herleg form for trening, der du får tett oppfølging av meg gjennom heile økta. 

Har du skader/plager tilpassar eg slik at du alltid vil få mest mogleg ut av økta. 

Sjekk ut kvar det er utandørs styrketrening! 

 
“I haust starta eg med Ingvild som PT, og det har endra både psykisk og fysisk helse enormt! Ho pushar på rett stad og viser forståing når det trengst, kjem med oppmuntringar, kloke ord og får deg til gjere jobben kroppen treng”

Jenny Kjøsnes

“Deltok på sankekveld i Kvernsteinsparken i Hyllestad både i fjor og i år,- det var sosialt, lærerikt, smakfullt, sansestimulerande ( ..fyr på bålet..) , spanande og knallkjekt. Ingvild er ekte vare og dyktig :) 
Eg blir veldig gjerne med på fleire slike positive opplevingar - Anbefalast.”

Kirsten Gravdal Ryland

 
Kontakt

Ta kontakt for å bestille, om du har spørsmål eller kva som helst!

Om du er interessert i eit samarbeid vil eg gjerne høyre om dette.

Bli med og ta kvardagen ut!